Salvie

Som medisinplante er salvie mest kjend brukt mot hudplager, plager i munn og hals, fordøyingsproblem og ved overdriven sveitting.
Image
Bilde av en bunke salvieblader
Foto: Colourbox.com

Salvie er ei vanleg urt, og det finst mange variantar. Dette faktaarket gjeld Salvia officinalis og Salvia lavandulaefolia, som er dei vanlegaste artane som vert brukte til medisinske føremål. Sjølv om dei er nært i slekt, syner forskinga forskjellar mellom dei i verknadar og biverknadar.

Det er bladet og den eteriske olja frå salvie som blir brukte medisinsk. På marknaden finst salvie både som slik olje, krem/ salve, spray og vatn til å skylje munnen med.

Tradisjonelt har salvie blitt nytta ved fordøyingsproblem, luftvegsplager, hudplager, for å påverke mjølkeproduksjonen ved amming, mot sveitting og ved psykiske plager. I nyare tid har salvie også blitt brukt ved diabetes, mot høgt kolesterol, ved smerter etter operasjon, lungekreft samt uro hjå personar med Alzheimer/demens.

Ein veit at salvie inneheld ei rekkje biologisk aktive stoff, men generelt er det lite solid dokumentasjon på at salvie verkar for alle føremåla som det vert brukt for.

Ved søk etter oppsummert forsking i kjeldene våre i desember 2022, fann vi det fylgjande:

Hukommelse og tankeverksemd (kognitiv funksjon)

I 2014 gjekk Marco Miroddi og forskarteamet hans gjennom forskinga på salvie for betre hukommelse og tankeverksemd hjå pasientar med mild til moderat Alzheimers sjukdom. Dei fann at oralt inntak av salvie-ekstrakt såg ut til å betra kognitiv funksjon, ved opp til 4 månaders bruk.

Høgt kolesterol (hyperlipidemia

Eit forskarteam leia av Ali Abdollah oppsummerte i 2022 forskinga på salvie mot høgt kolesterol og andre blodverdiar hjå diabetes-pasienter . Dei tre studiane som dei undersøkte, synte at salvie senka "dårleg" kolesterol (LDL-) og det fastande blodsukkernivået, men det hadde ingen synlege verknadar på triglyserin-nivået og "godt" kolesterol (HDL-). Forskarane meinte at resultata var interessante, men burde tolkast med varsemd sidan talet på studiar var såpass lågt. Dei konkluderte med at fleire studiar må til før ein kan seie noko sikkert.

Salvie blir rekna som trygt i dei mengdene ein vanlegvis bruker i mat.

Ved bruk for medisinske føremål bør ein vere varsam fordi salvie inneheld kamfer og thujon. I store dosar og/eller langvarig bruk kan desse stoffa vere giftige og skade nervesystemet.

Kjende biverknadar

Frå forskinga veit ein at salvie kan gje biverknadar som mageplager (smerter, diaré), svimmelheit, kvalme og oppkast. Ved bruk av salviespray har det vore rapportert om halsbrann, leppebetennelse, betennelse i munnslimhinna og tørr munn.

Ved oralt inntak i store dosar og/eller over lang tid er det risiko for forgifting av levra og nervesystemet. Lang tids bruk kan og gje biverknader som hurtig puls (takykardi) og skjelvingar, og i alvorlege tilfelle anfall og nyresvikt. 

Salvie kan også endre verknaden av visse medisinar, andre urter og kosttilskot, og påverke resultatet av medisinske prøver. 

I forskinga som er gjort på salvie smurt på huda og inhalert frå eteriske oljar, er det ikkje rapportert om biverknadar.

Drøft bruk med lege

Frå forskinga veit ein at salvie kan auke blodtrykket, seinke blodsukkeret og føre til epileptiske anfall. Salvie inneheld også stoff som kan påverke hormonsensitive tilstandar, som kreft, endometriose eller muskelknutar (myom) i livmora.

Natural Medicines rår difor personar med diabetes, høgt blodtrykk, epilepsi og/eller hormonsensitive tilstandar til å drøfte eventuell medisinsk bruk av salvie med lækjar på førehand.

Personar med kjend allergi mot salvie eller andre plantar i leppeblomst/salvia-familien vert rådde til å unngå bruk av salvie.

Dersom du opplever at nokre av biverknadene blir alvorlege, eller biverknader som ikkje er nemnde her, bør du avslutte bruken og kontakte lege.

Er du usikker på om den totale bruken din av helseprodukt er trygg, rår vi deg til å kontakte legen din eller anna helsepersonell. Saman kan de kontakta RELIS med konkrete spørsmål om interaksjonar mellom medisinar, urter, osttilskot og liknande. RELIS har også ein open, søkbar database med spørsmål og svar om slike tema.

Naturmedisin bør generelt ikkje brukast 1-2 veker før planlagt operasjon, fordi produkt med urter kan påverka blødinga under operasjonen. 

For gravide

Innhaldsstoffet thujon kan gje blødingar og føre til abort, og dette gjer at Natural Medicines rår gravide til å ikkje bruke salvie.

For ammande og spedborn

Det finst få opplysingar frå forskinga om tryggleiken ved salvie for ammande og spedborn. Noko forsking som er gjort, har gitt grunn til mistanke om at mors bruk av salvie kan minske  produksjonen av morsmjølk. Inntil meir er kjent, rår Natural Medicines difor kvinner som ammar til å vere på den sikre sida og ikkje nytte salvie som behandling.

Generelle tryggingsreglar

Salvie er halvbusker som kan bli 50-60 cm høge. Det finst over 900 artar i salvia-familien. Salvie veks over heile Europa og USA, og vert brukt både til krydder, som dekorplante og for medisinske føremål. Det er blada som blir brukte medisinsk.

Som medisinplante har salvie vore kjend i fleire kulturar i lang tid. Planten vart bringa nordover frå middelhavslanda av munkar rundt år 800. Salvie vart frå mellomalderen rekna som eit universalmiddel mot ei lang rekkje helseplager.

Frå folkemedisinen og forskinga kjenner ein til at salvie har blitt brukt for mange tilstandar, plager og andre helseføremål:

For å betre hukommelse og tankeverksemd, hås og sår hals, luftvegsproblem, problem med fordøyinga, solbrend hud, sår og andre hudproblem, sterk sveitte (hyperhidrose), varig væsking frå brysvortene (galaktoré), angst og depresjon. Det har og blitt nytta ved demens og Alzheimer, for å auke atletisk prestasjon, mot kreftrelaterte plager som betennelse i munnen (oral mukositt) og kvalme/oppkast ved cellegiftbehandling. Det har og blitt brukt for å fjerne plakk og belegg på tennene, mot betennelse i tannkjøtet (gingivitt), ved tørr munn og tett hals/vanskar med å svelge. 

Salvie har også blitt nytta mot menstruasjonsplager, leversjukdom, forkjøling og influensa, trøske hjå barn, polycystisk ovariesyndrom (PCOS), høgt kolesterol, overgangsplager og for å hemma mjølkeproduksjonen når ein vil slutte å amme.

Utvortes har salvie blitt smurt på huda mot sår og betennelsar, mot forkjølingssår (herpes labialis), ved hås halst (laryngitt) og halskatarr (faryngitt) og betente mandlar. Det har også blitt smurt på huda for å hindre eller lindre sår hud etter soling.

Eterisk olje frå salvie har også blitt anda inn, mot astma og for å betre hukommelsen og kognitive funksjonar.

Som helserelatert produkt finst salvie i handelen som kosttilskot og i tørka form som teblad og pulver for ekstrakt. Ved årsskiftet 2022/23 var det ingen legemiddel av salvie med godkjenning og marknadsløyve i Noreg.

Andre namn og nemningar

Kryddersalvie, Legesalvie, Rød salvie, Tesalvie

Latin: Salvia officinalis/lavandulaefolia

Engelsk: Sage, Garden sage, Red sage

Samisk: Sálvia

Kinesisk: Tan shân

Søk i desember 2022 etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASEPubMed og Web of Science;
samt etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines.

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: