Rosenmetoden

Rosenmetoden vert også kalla rosenterapi. Behandlinga er ei form for mjuk og varsam massasje, som skal hjelpe ved traume og fortrengde kjensler.
Image
Mann som ligger på benk og får behandling av ryggen med to hender
Foto: Colourbox.com

Når musklar slappar av og gir slepp på spenningar, meiner rosenterapeutane at dette frigjer kjensler som kjærleik glede, sorg, frykt, frustrasjon eller sinne og reaksjonar som lått eller gråt. Dei meiner at dei kan nytte slike reaksjonar til å behandle både kjende og fortrengte kjensler, traume og vonde opplevingar.

Rosenmetoden blei utvikla av fysioterapeuten Marion Rosen (1914-2012). Ho meinte at alt vi har sett, høyrt og opplevd vert lagra i kroppen - sjølv det vi opplevde som små born, men kanskje har gløymt. Negative opplevingar og kjensler som vi lagrar, kan imidlertid kjennast att som vonde og spente musklar og dårleg andedrett.

Ho meinte og at behandlinga hennar støtta pasienten sine "indre prosessar", og medverkar til betre rørsle og høgre medvite. I dag omtalar terapeutane gjerne behandlinga som eit verktøy for å endre deg frå den du trur du er, til den personen du verkeleg er.

Terapeutane tolkar smerte og spente musklar som eit slags språk, for opplevingar og kjensler som ikkje har fått kome til uttrykk og er blitt "gøymde bort" i det umdevitne. Dei seier også at det ikkje berre er vonde minne som kan bli fortrengde - det kan også vere positive minne og kjensler som ein ikkje klarar å uttrykke. 

Måla med metoden er breie og mange, og vert omtala som at pasienten skal bli meir levande, fri og spontan både i fysisk rørsle og psykisk; og oppleve auka sjølvinnsikt og livskvalitet. Dette er truleg grunnen til at nokre kallar metoden for psykosomatisk og ”massasje for sjela”. 

Ein veit at negative opplevingar, kjensler og tankar kan gjere at musklar spenner seg; og at dette kan føre til nedsett rørsle og smerter. Ein veit også at fysikalsk/manuell behandling kan motverke dette. Det er også semje om at kroppslege reaksjonar kan bli nærast "automatiserte", ved at ein ikkje hugsar eller tenker over kva dei skuldast.

I februar 2024 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på verknad ved rosenmetoden. 

Det betyr at det etter våre kriterie ikkje ligg føre nok dokumentasjon til at vi kan seie om slik behandling verkar eller ikkje. Det vi kan seie i slike tilfelle, er at påstandar om slik verknad ikkje har solid støtte i vitskapen. 

Fysikalsk/manuell behandling vert i utgangspunktet rekna som trygt dersom det vert gitt på rett måte, i den forstand at behandlaren har tilstrekkelege kunnskapar om kropp og sjukdom, og røynsle med korleis teknikken skal utførast. Nokre teknikkar vert imidlertid rekna som meir risikofylte enn andre, og personar med andre/underliggande sjukdom bør generelt vere varsomme med slik behandling. Dette kan du lese mer om i den generelle artikkelen vår  om fysikalsk behandling og smertebehandling.

Forskinga rapporterer ikkje om biverknadar av rosenmetoden. Ifylgje terapeutane eignar ikkje metoden seg for pasientar med psykiske plager. Dei forklarar dette med at ein kan få  sterke kjenslemessige reaksjonar av behandlinga.

Alle som vil kan kalle seg rosenterapeut og praktisere metoden utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i rosenmetoden gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Generelle tryggingsreglar

Behandling etter Marion Rosen kan føregå i gruppe som vert leia av instruktør; i einetimar med ein rosenterapeut, eller at ein gjer Rosen-rørsler, avspennings- og pusetøvingar på eiga hand. 

Rosen-rørsler skal gjerast sakte og "mjukt". Målet med dei er å bli medviten om og kjenne på kva som skjer i kroppen. Det er ikkje eit mål som i trening, at ein skal verte sliten, sveitt eller liknande - tvert imot er målet å gjere at du kjenner deg opplagd. 

I Rosenterapi frå ein utøvar, er det eit mål i behandlinga å skape kjenslemessige reaksjonar og å bli medviten. Når muskelspenningar slepp taket, meiner terapeutane at både fysisk og mental smerte (vonde minne, traume med meire) minkar og til slutt vil forsvinne heilt. Rosenterapeutane meiner også at avspente musklar tek opp oksygen betre, slik at anden går lettare enn når musklane er spente.

Det er ikkje prova i vitskapen at fortrengde kjensler vert lagra på fysisk vis kroppen; at lett og varsam berøring kan hente fram slike kjensler, eller at musklane sitt oksygenopptak påverkar anden.

Marion Rosen utvikla også ein variant av metoden, som ho kalla rosenrørsler. Dette er eit sett enkle og “mjuke” rørsler som skal gjerast til roleg musikk. Utøvarane meiner at desse rørslene har verknad mot spenningar, stive musklar og ledd, og at dei kan gi betre pust. Marion Rosen meinte at desse rørslene stemmer med korleis kroppen eigentleg ynskjer å røre seg, og at alle treng å verte medvitne om dette. Det er ikkje prova i vitskapen at det finst eit slikt opprinneleg sett av rørsler.

Frå forskinga veit ein at Rosenmetoden har blitt nytta ved fleire typar helseproblem, mellom anna muskelspenningar, stress, kroniske smerter, astma, migrene, fibromyalgi, trøytte og generell dårleg form. 

Andre namn

Andre namn: rosenterapi, rosen-rørsler
Engelsk namn: Rosen Method Bodywork, Easy movements

Søk i januar 2024  etter systematiske kunnskapsoppsummeringar i CAM CancerCochrane LibraryOvid EMBASEPubMed og Web of Science; samt etter informasjon i Drugs and Lactation Database (LactMed) og Natural Medicines.

 

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: