Rolfing

Image
Bilde av en arm som behandles med trykk mot hånd
Foto: Colourbox.com

Rolfing er ei form for djup massasje av vevet. Massasjen vert gitt med sakte rørsler, der behandlaren nyttar hendene, knea, fingrane og knokane sine for å massere.

Mykje av målet med behandlinga er knytt til å gje pasienten betre kroppshaldning og å justere ulike strukturar i kroppen. Teorien bak behandlinga seier at ei god kroppshaldning er viktig for både fysisk og psykisk velvêre. Ei dårleg haldning kan ifylgje læra difor vere årsak til mange ulike problem, så som smerter, stive musklar, hovudverk, dårleg søvn, trøytte, tungsinn og negative kjensler med meire. Forskinga støtter ikkje at massasje kan hjelpe ved alle plagene rolfing vert nytta for.

Det er gjort høvesvis lite forsking på verknaden av rolfing. 

Ved søk i juli 2023 inneheldt kjeldene våre ingen systematiske oppsummeringar av forsking på rolfing.

Det vil seie at ein manglar god nok dokumentasjon til å kunne avgjere om det verkar eller ikkje. Påstandar om verknad manglar etter våre kriterie solid vitskapleg støtte.

Ifylgje Natural Medicines kan ein rekne rolfing som trygt for folk flest, men forskinga har gjeve grunn til å oppmode visse grupper om å vere varsame med bruk av slik behandling.

Ut over vanlige biverknadar rapportert for manuelle/ fysikalske behandlingar ligg det føre få opplysingar om biverknadar.

Kjeldene våre rår gravide og kvinner som ammar til å vere varsame med rolfing, fordi ein veit lite om eventuell særleg risiko for desse gruppene. 

Dersom du merkar negative verknadar som du meiner skuldast behandlinga, bør du kontakte lækjar.

Styresmaktene set ikkje krav om medisinsk utdanning eller kunnskap for å tilby og gje rolfing. Eventuell utdanning innan rolfing eller anna alternativ behandling gir ikkje automatisk same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvaret som autorisert helsepersonell har. Ikkje alle som tilbyr/ gjev rolfing i Noreg står i Utøverregisteret eller er medlem i noko utøverforbund, og treng difor korkje ha skadeforsikring eller å halde seg til bransjekrav og -reglar.

Generelle tryggingsreglar

Rolfing er ei form for massasje. Ein reknar behandlinga som utvikla av biokjemikaren Ida P. Rolf på 1950-talet. Utøvarane vert kalla rolfarar.

Rolf meinte at det naturlege for mennesket er å ha en rak kroppsholdning, og å røre seg i det ho kalte balanse med tyngdekrafta. I fylgje Rolf gjer ei dårleg kroppshaldning at ein kjemper mot tyngdekrafta. Dette meinte ho svekkjer kroppsfunksjonar og at ein blir meir utsett for sjukdom.

Dei tek utgangspunkt i at stive muskelhinner gir dårleg kroppshaldning, lut rygg eller høge skuldre. Årsaken til stive muskelhinner er ifylgje rolfarane aldring, skade eller negative opplevingar og kjensler som dei meiner "set seg” i muskelhinnene.

Målet med rolfing er å korrigere pasienten si kroppshaldning attende til det dei kallar ei “naturleg rak" form. Ifylgje rolfarane vil ein då også gjenopprette fysisk og psykisk velvêre. Rolfarane meiner at ein kan oppnå dette ved å massere pasienten sine muskelhinner.

Frå den internasjonale litteraturen veit ein at rolfing vert nytta som behandling av fleire typar helseproblem. Mellom anna veit ein at rolfing vert brukt ved smerter, til dømes i korsryggen og ved hovudverk, men og ved lidingar som kronisk utmattelsessyndrom, cerebral parese (CP), stress, angst, slitasjegikt, karpaltunnelsyndrom og fleire andre helseproblem. 

I behandlinga masserar utøvaren klienten sine muskelhinner, oftast ved å presse roleg med fingrar, knoken, underarm, alboge og kne.

Undervegs i behandlinga freistar utøvaren å identifisere spenningar og feilbelastningar i kroppen, ved å observere pasienten sine reaksjonar på behandlinga. Massasjen går oftast føre seg medan pasienten ligg, står eller sit. Ifylgje kjeldene våre er det vanleg med ei behandling i veka, og behandlarane rår ofte til ei pakke på ti behandlingar som dei kallar "oppskrifta".

I Noreg er Rolfing eit registrert varemerke. Då kan ikkje alle marknadsføre behandlinga si som rolfing - ein må ha løyve frå den som har registrert varemerket til å nytte denne nemninga.

Andre namn

Variantar: Rolfing vert og kalla “strukturell integrasjon”.
Engelske namn: Rolf method, Rolfing, structural integration , bodywork, manipulative therapy, postural release og somatic ontology.

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: