Naturopati

Nemningane naturterapi og naturopati ser ut til å stadig meir bli nytta om kvarandre. Behandlinga vert forklart som eit system sett saman av mange enkeltterapiar, som har det til felles at dei søkjer å stimulere kroppen si evne til å helbrede seg sjølv og rette opp ubalansar.

Sidan fagforbundet Norske naturopaters landsforbund har gått inn i Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) og NNH er med i World naturopathic federation (WNF), omtalar vi her naturterapi og naturopati under eitt. I Noreg nyttar behandlarane innan slik behandling både naturopat og naturterapeut som titlar.

Naturopati er eit komplekst behandlingssystem der behandlarane legg vel så mykje vekt på å førebyggje sjukdom som å behandle den. Behandlarane har eit stort utval av terapiar, metodar og teknikkar for å diagnostisere, førebyggje eller behandle helseproblem. Mange av desse finn ein også tilbudt enkeltvis, frå spesifikke terapeutgrupper. 

Ikkje ulikt dei filosofiske prinsippa ein finn i ayurvedisk medisin, har naturopatien fokus på både heilskapleg (holistisk) såvel som individuell omsorg: Kvar pasient er unik, og treng at behandlinga famnar både det fysiske, mentale, sosiale og andelege for å kunne vere ved god helse. 

Sjukdom og symptom vert forstått som ubalanse, og god helse som den tilstanden ein har når organismen er i balanse. Behandlarane reknar hovudårsaken til sjukdom å vere brot på "naturlover". Slike brot fører ifylgje læra til lågare vitalitet, unormal samansetjing av blodet, og opphoping av avfall og giftstoff i kroppen.

Målet i naturopatien er å hjelpe pasientar å oppnå optimal helse, ved å støtte kroppen sine sjølvhelande krefter og prosessar. I 1994 oppsummerte Bruset og Polszynski slik behandling til at "Kroppen hjelpes til å hjelpe seg selv".  

Systemet naturopatisk behandling er sett saman av ei lang rekkje terapiar og tiltak. Fagforbundet Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) inkluderar mellom anna dei fylgjande terapiane: Akupressur, akupunktur, allmenn naturterapi, aromaterapi, biopati, bioresonans-terapi, Bowen-terapi, fytoterapi (urtar og naturmiddel), healing, heilpraktik, heilskapsterapi, homøopati, ki-terapi, kinesiologi, kopping, kraniosakral terapi, lymfedrenasje, naturmedisinsk ernæringsterapi- og muskelterapi, polaritetsterapi, refleksologi og soneterapi, Rosenmetoden, terapeutisk eurytmi og øyreakupunktur. Bruset og Polszynski inkluderar i tillegg avgifting (detox), avspennings- og pusteteknikkar, Bachs blomstermedisin, hydroterapi, kosthald og diettar, massasjeterapi, meditasjon og yoga.

Naturopatane kan og nytte seg av mange ulike ulike metodar for å setje diagnose; frå konvensjonelle laboratorietestar og andre etablerte fysiske testar, til alternativmedisinske tilnærmingar så som puls- og tungediagnose, hårmineralanalyse, mørkefeltsmikroskopi og liknande. 

Det er generelt vanskeleg å forske på mogleg verknad av behandling som er sett saman av mange delar, slik naturopati og andre medisinske system er.

I januar 2022 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på verknadar av naturopatisk behanding på systemnivå. Det betyr at det etter våre kriterie ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at naturopati som system verkar. 

Sjå "Verkar det?"-kapitla i artiklane for forskingsstatus på terapiar nemnt over, som inngår som behandlingsformer i det naturopatiske systemet.

Kompleksiteten ved naturopati og andre medisinske system gjer også at det er vanskeleg å seie noko om tryggleiken på systemnivå. Sjå "Er det trygt?"-kapitla i artiklane om terapiane nemnt over, for informasjon om tryggleiken ved dei einskilde terapiane som inngår i naturopati.

Alle som vil, kan kalle seg naturopat og praktisere metoden utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i naturopati eller anna alternativ behandling gir ikkje samme kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvar som autorisert helsepersonell har.

Vær merksam på at det kan oppstå helseskade dersom alternative behandlararar ikkje rår klienten sin til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling, men særskilt behandlingar der klienten vert rådd til å "vente og sjå" før ein eventuelt kontaktar lækjar.

Hugs at "naturleg" ikkje er det same som "ufarleg". Naturmiddel og kosttilskot bør nyttast i tråd med pakningsvedlegget.

Indirekte risiko for forverring av helsetilstanden kan oppstå dersom symptomer tolkes feil eller overses av pasienten og/ eller behandleren, slik at nødvendig behandling forsinkes. Dette gjelder alle former for behandling.

For gravide og dei som ammar

LactMed og Natural Medicines inneheldt på søketidspunktet ingen informasjon om naturopati spesifikt for desse gruppene. Sjå likevel "Er det trygt?"-kapitla i artiklane om terapiane nemnt over, som inngår i naturopati.

Generelle tryggingsreglar

Naturopati har utvikla seg frå ein kombinasjon av tradisjonell/ folkemedisin og teknikkar som vart nytta i helsevesenet i Europa i det 19. hundreåret. Naturopati har røtene sine i Tyskland, og blei vidareutvikla i USA på byrjinga av 1900-talet.

Internasjonalt vert naturopatisk behandling ofte knytt til naturopatiske lækjarar (Naturopathic doctors). I Noreg er naturopat ikkje ein verna yrkestittel.

Filosofien bak naturopati kvilar sterkt på trua på helbredande krefter i kroppen, naturen og naturmiddel. Naturopaten talar ofte om konstitusjonen til ein person. World naturopathic federation (WNF) forklarar dette begrepet slik:

Konstitusjonen er den totale samansetninga og energien til eit individs strukturelle, funksjonelle, andelege og psykologiske eigenskapar. Konstitusjonen inkluderer måten slike eigenskapar er samansette på og korleis dei heng saman.

WNF skriv vidare at konstitusjonen til ein person kan bli påverka av fleire faktorar, mellom anna av personen sin genetikk, samla livserfaringar og omgjevnadar. Naturopatane knyter konseptet om konstitusjonen nært til læra sine prinsipp om naturen si lækjande kraft; det å behandle årsaka til plagene; det å behandle heile mennesket, samt til andre naturterapeutiske teoriar. 

For å stille diagnose vil ein naturopat intervjue klienten om både noverande sjukdom, symptom, arv, tidlegare sjukdom, kosthald, søvn, stress, bruk av alkohol og tobakk. Negative kjensler er viktig for naturopaten. Han søkjer å minske mengda av dei fysiologiske og psykologiske belastingane han finn i samtalen, som til saman er det han meiner skaper sjukdom. Klarar ein å minske desse belastningane, meiner naturopatane at kroppen kan lækje seg sjølv og kome attende til indre balanse der ein er frisk.

Frå forskinga veit ein at naturopati vert nytta ved mange ulike helseproblem, som til dømes kroniske lidingar, luftvegsplager, angst, uro, influensa, allergi, PMS, matintoleranse, blodsukkerproblem, vanskar med fordøying, underernæring, overvekt, hudproblem, overgangsplagar, hormonelle ubalansar, vondt i ryggen, søvnvanskar og leddsmerter. I utlandet finn ein ofte at er naturopati brukt som tilleggsbehandling ved alvorleg sjukdom. Nokon nyttar og naturopati som førebyggjande mot stress og belastingssjukdomar

Naturopatien har sterk tru på "heil" og rå mat, og rår ofte til at mat ikkje bør vere mykje behandla eller prosessert. I tillegg til råd om rett kosthald, vil naturopaten også  oppmode klientane sine til eigenomsorg gjennom til dømes dagleg mosjon, vere mykje ute i sol og frisk luft, i tillegg til å drive meditasjon og ha det dei meiner er eit rett kosthald. Naturopaten oppmodar og gjerne til bruk av urtar eller kosttilskot i tillegg til at ein unngår visse stoff i maten, og aukar innhaldet av andre stoff.

Nokre greiner av naturopatien har fått kritikk, fordi nokre naturopatar har vore offentleg usamde i styresmaktene sine tryggingsreglar for maksimale dosar av kosttilskot, vitaminar og liknande. Desse terapeutane har meint at grensene er kunstig låge, og at ein må bryte desse for å få terapeutisk verknad frå slike stoff. Nokre av dei har også blitt kjende for å ha uttrykt lita tru på nytten av vaksine, reseptbelagde lækjemiddel, injeksjonar, røntgen, eller kirurgi; fordi dei meiner slik behandling øydelegg det dei kallar "den indre balansen"; den naturlege samansetjinga av stoff i kroppen, og kroppen si evne til å lækje seg sjølv.

Andre namn/ internasjonale nemningar

Naturterapi, naturmedisin, Médecin Naturopathe, Médecine Naturopathique, Naturopath, Naturopathe, Naturopathic, Naturopathic Doctor, Naturopathic Medical Doctor, Naturopathic Medicine, Naturopathic Physician, Naturopathie, Naturopathique, Naturopatía, ND.

Fleire av kjeldene leier til eksterne nettstader:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: