I mars 2022 vedtok Stortinget å autorisere naprapatar etter Helsepersonellova. Denne lovendringa trådde i kraft 1. mai same året. Frå den datoen reknar ein difor naprapatisk behandling som offentleg helsehjelp og utøvarane som del av den offentlege helsetenesta.
Ein kan kalle seg "naprapat" utan å ha autorisasjon fram til 1. mai 2023, når fullt vern av nemninga trer i kraft. Innan den datoen må alle som vil kalle seg "naprapat" ha levert inn søknad om slik autorisasjon. Fram til då kan ein difor treffe på både autoriserte og ikkje-autoriserte naprapatar i Noreg. Men alle vart frå 1.5.2022 underlagt Helsepersonellova.
Dei fleste naprapatar i Noreg jobbar truleg på private klinikkar, sjølv om dei no representerar skulemedisinen og er ein del av den offentlege spesialisthelsetenesta.
Dersom noko skulle gå gale som fylgje av naprapatisk behandling hjå ein naprapat i Noreg, har pasientar frå 01.05.22 rettar og vern etter pasient - og brukarrettigheitslova. Frå same dato vart naprapatane også underlagte offentleg klagerett og fagleg tilsyn frå Statens Helsetilsyn.
Naprapatane sin autorisasjon gir dei ikke rett til å sjukmelde eller vise pasientar vidare til nærare undersøkjing (røntgen, MR eller liknande) eller spesialistbehandling i andre delar av helsetenesta. Autorisasjonen fører heller ikkje til at pasienten sine utgifter til behandling hjå naprapat kjem inn under det offentlege sine ordningar for eigenandel, refusjon eller frikort.
I Noreg kan ein oppsøke naprapat direkte, eller via tilvising frå lækjar. Vurderer du å oppsøkje naprapat i utlandet, bør du vere merksam på at det varierar frå land til land om naprapatar er regulert som offentleg lisensiert/ autorisert personell eller som alternative behandlarar. Dermed varierar også utøvarane sitt ansvar, minimumskrava til kompetansen deira, og tryggleiken din som pasient.
Les meir:
NAFKAM.no: Naprapater og osteopater autoriseres i Norge