Makrobiotikk

Eit makrobiotisk kosthald legg vekt på vegetarisme og heil, sunn mat. Nokre variantar tillet meieriprodukt, fisk og kjøt for å redusere risikoen for vitaminmangel.
Image
Bilde av grønnsaker og skåler med korn, ris og frø
Foto: Colourbox.com

Den makrobiotiske dietten har opphavet sitt i japanske og kinesiske tradisjonar, og har tradisjonelt blitt brukt for anti-inflammatoriske føremål.

 

I august 2023 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar av forsking på helseverknadar av eit makrobiotisk kosthald. I slike tilfelle har vi ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon til å seie om slik behandling har verknad eller ikkje mot konkrete helseproblem.

Det betyr at det etter kriteria våre ikkje finst solid vitskapleg dekning for å hevda at slik behandling verkar.

Ifylgje Natural Medicines er eit makrobiotisk kosthald truleg trygt å bruke for normalt friske vaksne, så lenge dei tek omsyn til at alle ernæringsbehov blir dekka.

Ein streng makrobiotisk praksis blir ifylgje kjelda knytt til auka risiko for kalsium-, jern-, og vitaminmangel (D, B2 og B12). Over tid kan dette utgjere ein helserisiko.

Kjelda seier vidare at risikoen for slike manglar kan minkast ved å inkludere sporadiske innslag av meieriprodukt, fisk eller kjøt i kosten, eller ved å bruke passande kosttilskot for å sikre eit breidt nok ernæringsgrunnlag. Kosttilskot er imidlertid ikkje meint som fullgod erstatning for råvarer over tid.

Born, gravide og ammande

Natural Medicines reknar eit strengt makrobiotisk kosthald som utrygt for spedborn, større born og ungdom. Dette vert knytt til ernæringsmessige manglar ein har funne, og noko forsking antydar ein mogleg samanheng med sein vekst og kognitiv utvikling grunna næringsmangel Det er utilstrekkelig tilgjengelig informasjon tilgjengelig om sikkerheten ved et mindre strengt makrobiotisk kosthold hos spedbarn, barn eller ungdom.

For gravide og kvinner som ammar, vurderer Natural Medicines dokumentasjonen som ikkje tilstrekkeleg, og rår desse til å vere på den sikre sida og ikkje bruke ein makrobiotisk diett.

På søketidspunktet fann vi ingen informasjon om makrobiotisk kosthald i Lactmed.

Generelle tryggingsreglar

Makrobiotikk er både ein livsfilosofi og ei kosthaldsretning, som har opphavet sitt i japanske og kinesiske tradisjonar. Eit makrobiotisk kosthald baserer seg på teorien om yin og yang, som handlar om å oppnå balanse mellom det rolege, fredelege, kreative og det aktive og energiske.

I metoden blir personlegdommane til klientane og ulike matsortar delte inn i yin og yang: Personar som ifølgje teorien er "utprega yin", bør eta meir yang-mat - og omvendt. Utøvarane meiner at dette bidreg til balanse mellom yin og yang. Dei meiner også at kosthaldsbehovet til klienten vil variera etter klima, årstid, kjønn, personlegdom, aktivitet, og helsetilstand.

Behandlingsforma blir knytt til det utøvarane kallar kvar enkelt  klient sin grunnstamme i kosthaldet. Ifølgje teorien er denne i Europa havre, rug, bygg og kveite, i Midtausten hirse, i Austen ris, medan han i Amerika er mais. Makrobiotisk diett er heilt eller delvis fri for alkohol, kaffi, te, mjølkeprodukt, sukker, sjokolade, raffinert mjøl, kjøtt og egg.

Metoden vart introdusert i Vesten som ein streng diett i 1950-åra, av japanaren George Oshawa. I dag blir det gjerne halde kurs i metoden, der utøvarane/kurshaldarane føreslår metoden som behandling ved mange ulike helseplager og sjukdomar. Fråforskinga veit ein at det har blitt brukt for ei rekkje sjukdomar og plager.

Søk i august 2023 etter oppsummert forsking i PubMedThe Cochrane LibraryWeb of ScienceEmbase og CAM-Cancer, samt etter informasjon i Natural Medicines og Drugs and Lactation Database (LactMed)

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: