Hydroterapi

Hydroterapi famnar mange behandlingsteknikkar, der den store fellesnemninga er utvortes bruk av vatn.
Image
Bilde av et par føtter i vann
Foto: Colourbox.com

Omgrepa som blir nytta om dei mange teknikkane og variantane innan hydroterapi er lite standardiserte, og grensa mellom helsebehandling og velvêre kan ofte verke uklår. Denne artikkelen handlar om når hydroterapi vert bruka med terapeutiske føremål.

Både varmt og kaldt vatn vert bruka. Vi veit at varme kan hjelpe med avslapping, lindre smerte og løyse opp stive/ømme musklar og ledd. Tankane om terapeutiske verknadar av kaldt vatn (kryoterapi) har dårlegare støtte i forskinga. Desse er ofte knytt til lindring av ømme musklar, avslapping etter stimulering av vagusnerva og sentralnervesystemet, men også til at nedkjøling stimulerar betennelseresponsen; og tankar om indirekte helseverknad frå eit auka endorfinnivå. 

I nokre variantar nyttar ein seg også av hyppige skifte mellom kaldt og varmt vatn. Forklaringa som vert gjeve for dette er blant anna at det hurtige temperaturskiftet skal gi både sentralnervesystemet, blodomlaupet og immunforsvaret ein ekstra stimulans. Denne skal kunne førebyggje både sjukdom generelt og konkrete sjukdommar som ifylgje teorien skuldast svikt i desse systema.

Det finst og variantar der ein tilset vatnet spesifikke mineral, salt, eteriske oljar (aromaterapi) eller fargestoff (fargeterapi) med eit føremål om ekstra terapeutisk verknad: 

I varianten Balneoterapi badar ein i varmt vatn, både med og utan bruk av ulike tilsetjingsstoff i vatnet. I varianten Thalassoterapi badar ein i naturleg sjøvatn, ut frå ideen om at saltet, minerala og andre stoff i sjøvatnet trengjer inn i kroppen gjennom porane i huda og verkar avgiftande og reinsande (detox) både innvortes og utvortes. Spa-bad (crenobalneotherapy) famnar bad i naturlege kjelder til varmt vatn og damp, opphald i anlegg som hentar vatn frå slike kjelder. Vatnet i desse kjeldene er ofte rikt på mineral. I seinare tid nyttar ein og omgrepet spa-bad om å bade i jacuzzi, boblebad eller liknande heimeanlegg med luftbobler og konktrollert varme.

Også pasienten sitt aktivitetsnivå varierar mellom dei ulike teknikkane: Frå å vere roleg nedseinka i vatn for å slappe av eller lindre smerte, eller å vere aktiv og gjere øvingar eller trene i vatnet for å auke rørsla, styrken og liknande. Dette er ikkje ulikt det ein tilbyr og gjer i den offentlege helsetenesta, ved til dømes bassengtrening  som del av fysikalsk behandling, rehabilitering eller opptrening; eller fødsel i vatn for avslapping og smertelindring. 

Hydroterapi famnar og tilbod i grenselandet mellom behandling og velvære, så som floating eller IKYA-terapi - der opphald i ein flytetank med høgt innhald av salt i vatnet og vert sagt å skulle gje både velvære og betring av konkrete helseproblem, samt å førebyggje nye.

Dei mange omgrepa og bruken av desse om kvarandre, med generelt lite standardiserte teknikkar, gjer det utfordrande å analysere på tvers av studiar og samanlikne resultata frå desse. Ein veit at vatn - særleg saltvatn - har reinsande verknad på sår og liknande, og kan hjelpe ved å turke ut huda ved visse hudlidingar. Varme verkar avslappande gir roande fysiologiske verknadar, medan kulde kan verke kjølande, oppkvikkande og auke medvitet. Det er imidlertid langt frå alle dei mange helseproblema som hydroterapi vert nytta ved, som heng tydeleg saman med denne kunnskapen. 

Ved søk etter oppsummert forsking på hydroterapi i kjeldene våre i mai 2021 fann vi følgjande:

Hudproblem

I 2021 oppsummerte eit forskarteam leia av Teodora Timis forskinga på ulike alternative behandlingar ved psoriasis. For hydroterapi, fann dei på basis av 34 studiar at bading i varmt salt vatn såg ut til å gje kortvarig betring og reduserte symptom hjå pasientgruppa. 

I ei Cochrane-oppsummering frå 2020 fann Frank Peinemann med fleire på basis av åtte studiar at innandørs bading i saltvatn som tillegg til behandling av psoriasis med kunstig ultrafiolett lys (UVB) såg ut til å gje større verknad enn kun behandling med UVB-lys åleine.  

Camille Gravelier med fleire gjekk i 2020 gjennom forskinga på spa-bad for heiling av brannsår. Dei fann ingen overbevisande dokumentasjon for auka sårheiling i dei tre studiane dei undersøkte, men dei konkluderte med at spa-bad såg ut til å auke livskvaliteten, kapasiteten og gjennomføring av anna behandling for personar med brannsår.  

Multippel sklerose (MS)

Ei gruppe forskarar leia av Illuminada Corvillo undersøkte i 2017 ti studiar av hydroterapi for rehabilitering av personar med MS. Nokre av studiane dei inkluderte synte ei viss auke i livskvalitet og velvære for pasientgruppa. Men, forfattarane peikar på at dokumentasjonen sprika mykje slik at dei ikkje synst grunnlaget var godt nok for å kunne seie det sikkert.

Nakkesmertar

I 2020 gjekk Corvillo med fleire også gjennom forskinga på hydroterapi for langvarige (kroniske) nakkesmerter. Studiane synte at ulike formar for hydroterapi reduserte smerte, betra rørsleevna og pasientane sin livskvalitet. Forfattarane peikar på at dei tretten studiane var noko ulikt utforma, og at nokre av dei hadde metodiske utfordringar ved seg. Den samla dokumentasjonen indikerte ein mogleg verknad, men forfattarane etterlyste meir forsking som tek betre omsyn til metodiske krav før ein kan seie det sikkert.

Revmatiske lidingar

Ei forskargruppe leia av Hiroharu Kamioka oppsummerte i 2010 forskinga på fysiske øvingar utført i varmt vatn for betre rørsle og funksjon hjå pasientar med ulike revmatiske lidingar. Dei undersøkte i alt sju kunnskapsoppsummeringar, og konkluderte med at slik trening i vatn såg ut til å ha ein liten, kortvarig verknad, men at ein ikkje kunne seie noko om verknadar på lang sikt.

Bektherevs (Ankyloserende spondylitt)

Ei oppsummering gjort av Zejun Liang med fleire i 2019, konkluderte ut frå åtte studiar av hydroterapi for pasientar med Bektherevs at aktivitet og avslapping i varmt vatn hadde smertelindrande verknad og kanskje kunne bidra til å bremse utviklinga av sjukdomen noko. Forfattarane fann ikkje evidens for at hydroterapi betra kroppsfunksjon og rørsle i nokon grad av betyding. 

Ei Cochrane-oppsummering fra 2008 av Hanne Dagfinrud med fleire fann at hydroterapi som tillegg til fysiske øvingar for Bektherevs-pasientar ikkje så ut til å auke verknaden av øvingane.

Korsryggsmerter

Eit forskerteam leia av Ruixue Bai gjekk i 2019 gjennom forskinga på spa-bad for personar med langvarige (kroniske) korsryggsmerter. Her var spa-bad definert til bading i vatn varmare enn 20 grader Celsius, i 20-30 minutt. Dei tolv studiane forskarane undersøkte, synte at slike tiltak kan ha kortsiktig gunstig verkad på smertelindring og betra rørsle og funksjon i i korsryggen. Forfattarane peika på at måten hydroterapibehandlinga vart gitt på i dei studiane varierte stort, med innslag av mange andre komponentar (sauna, kald dusj, varm gjørme, etc). Difor konkluderte forfattarane med at meir forsking med strengare metode var naudsynt for å kunne avgjere om slik hydroterapi er eit effektivt lindrande behandlingsalternativ for kroniske korsryggsmerter.

Ved fibromyalgi

Johannes Naumann med fleire oppsummerte i 2014 forskinga som var gjort på om hydroterapi med varmt vatn er nyttig ved fibromyalgi. De 24 studiene som dei undersøkte, synte kortvarig, smertelindrande verknad og aukarørsleevne, samt en auke i generell livskvalitet, men ikkje reduksjon av andre plager så som depresjon.

Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten oppsummerte i 2015 forskinga på om trening i varmt vatn påverka sjukefråværet hjå personar med fibromyalgiplager eller kroniske smertar. Dei fann at dei med kroniske smerter som fekk slik trening i kombinasjon med trening på land, kognitiv åtferdsterapi og ein informasjonsbrosjyre, hadde færre fråværsdagar enn dei som berre fekk ei brosjyre. Dei som fekk trening i varmt vatn i kombinasjon med opplæringsprogram var ikkje mindre borte frå arbeid enn dei som berre fekk tilbod om opplæringsprogram. Dei vurderte funna som usikre, blant anna på grunn av det låge antalet studiar som var gjort.

Slitasjegikt og leddgikt

Arianne Verhagen med fleire gjekk i 2015 gjennom forskinga på hydroterapi som smertelindring for pasientar med leddgikt. I denne Cochrane-oppsummeringa av ni studiar konkluderte forfattarane med at dokumentasjonen ikkje gav grunnlag til å avgjere om hydroterapi har større verknad enn inga behandling; om nokon hydroterapivariantar synte betre verknad enn andre, eller om hydroterapi er betre enn til dømes varm gjørme (mudpack), treningsøvingar eller avspenningsterapi. 

Den same forskargruppa tok i ei Cochrane-oppsummering frå 2007 for seg forskinga på hydroterapi for pasientar med slitasjegikt (osteoartrose). Dei sju studia dei undersøkte, gav  dokumentasjon av middels høg kvalitet for at mineralbad lindrar smerter hos slike pasientar betre enn inga behandling. På grunn av sprik i forskingsmetodane i studiane, konkluderte dei med at dei positive funna burde tolkast varsamt, inntil meir forsking eventuelt støttar desse.

Antonio Fraioli med fleire gjekk i 2018 gjennom forskinga på ymse former av hydroterapi som behandling og sekundær førebyggjing av kneartrose. Dei tolv studiane som dei undersøkte, synte uavhengig av behandlingsteknikk ei viss, kortvarig smertelindring, betre rørsle og funksjon i knea. Forfattarane fann også at slik behandling kunne redusere pasientane sin bruk av smertestillande noko, og at behandlinga hadde positiv verknad på livskvalitet og aktivitetsnivået generelt. Mangelen på likskap i måten studiane blei gjort på og variasjonen i behandlingsteknikkar gjorde at forfattarane konkluderte med at resultata var lovande, men bør etterprøvast i strengare studiar før ein kan seie det sikkert.

Trykksår

Ei forskargruppe ved Universitetet i York gjekk i 2004 gjennom forskinga på hydroterapi for fleire revmatiske lidingar, mellom anna trykksår. Dei vurderte dokumentasjonen frå studiane dei undersøkte som utilstrekkjeleg og ikkje påliteleg til å avgjere om hydroterapi er ei verksam behandling for trykksår.

Vedvarande svikt i blodårene (lronisk venøs insuffisiens) i beina

I 2019 gjekk Melissa de Moraes Silva med fleire i si Cochrane-oppsummering gjennom sju studiar av hydroterapi for kronisk venøs insuffiens. Dei fann dokumentasjon av middels til høg kvalitet for at slik behandling gjev ei viss smertelindring, kan auke livskvaliteten og bidra til endringar i hudpigmentering hjå pasientar med denne tilstanden. Forfattarane fann ingen klar verknad av hydroterapi på alvorsgraden ved sjukdomen eller på symptom så som beinsår og ødem, samanlikna med inga behandling. Forfattarane konkluderte med at dokumentasjonen ikkje var tilstrekkeleg for å dra konklusjonar om verknad eller ikkje.

Smertelindring under fødsel

I 2018 gjekk Elizabeth Cluett med fleire i si Cochrane-oppsummering gjennom femten studium på moglege positive verknadar av å føde i vatn, at det varme vatnet kan lindre smerte og kanskje også kan redusere bruken av smertestillande noko. Dei fann ikkje evidens frå studiane for at det å føde i vatn kortar ned tida på fødselen, eller reduserer risikoen for keisarsnitt.

Stress og stressrespons

Michele Antonelli med fleire gjekk i 2018 gjennom forskinga på om hydroterapi kan seinke målbare faktorar på stress, slik som serum- og kortisolnivå. Dei femten studiane dei undersøkte, synte at hydroterapi ser ut til å påverke kortisolnivået hjå friske personar, og evna deira til å takle stress. Forfattarane peika likevel på at dokumentasjonen var for liten til at ein kunne dra tydelege konklusjonar frå dei lovande resultata. 

Det finst lite solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av hydroterapi, men risiko for nokre uheldige verknader er det. Nokre grupper vert difor rådde til varsemd.

Generelt gjeld det at menneskekroppen tolar lavare temperatur betre enn høge. Men bading i svært kaldt vatn kan vere ei stor påkjenning for kroppen, og sjølv kort tids slik bading kan vere farleg for dei som har problem med hjartet, blodtrykket eller blodomlaupet. 

For høg temperatur på badevatn eller vassdamp kan føre til skålding og brannskade på huda. Dersom ein sit lenge i badevatn eller badstu med stabilt svært høg temperatur, kan gjere ein trøytt med risiko for å somne og drukne, eller at ein får hypertermi (lenkje til Store Norske Leksikon)

Bakteriar og mikroorganismar trivst godt i vatn med temperatur 30-40 grader Celsius, som er vanleg å bruke i hydroterapi. I installasjonar som basseng, boblebad, jacuzzi eller spa-bad vert vatnet resirkulert og temperaturen heldt stabil ved hjelp av varmepumpe. Det er noko bekymring for at dette kan auke risikoen for bakteriar og helseproblem frå slike. Hygienetiltak er difor viktige.

Hudirritasjon (dermatitt) kan oppstå, grunna forureining eller tilsetjingsstoff i vatnet (som oljar, salt, mineral, klor eller andre stoff). Infeksjonar i huda kan oppstå ved bakterier i vatnet, spesielt dersom ein har opne sår eller hudlidingar. Det er rapportert om fleire tilfelle av dermatitt og bakterielle hudinfeksjonar som vert knytt til bading i boblebad/jacuzzi/spabad. Les meir om sjukdom frå mikroorganismar i badevatn hjå Folkehelseinstituttet (ekstern lenkje).

Det finst mange råd om bruk av både varmt og kaldt vatn, omslag og liknande mot smertar, skade, hevelsar, nedsett rørsle i ledd med meire. Slike symptom kan skuldast |både betennelse (inflammasjon) og infeksjonar. Inflammasjon og infeksjon vert ofte forveksla, og det kan ha uheldige konsekvensar: Varme kan forverre betennelse og symptoma på dette. Difor rår ein frå å bruke varme ved betennelse. Les meir om dette hjå Store norske leksikon om infeksjon og inflammasjon (betennelse).

For gravide

Høg temperatur i badevatnet kan teoretisk føre til skadeleg høg kroppstemperatur for foster. Noko forsking tyder og på at risikoen for dette kan være høgare i bad der vasstemperaturen vert heldt stabil høg, av varmepumpe eller liknande teknologi. 

Fagmiljø og Natural Medicines rår til at makstemperatur på badevatn for gravide ikkje bør vere høgre enn 39 grader Celsius.

Eit forskarteam leia av Nicholas Ravanelli oppsummerte i 2019 forskinga på dette området til at gravide trygt kan være aktive (symjing, trening, vatn-aerobic etc) i vatn som held 33 graders varme i 45 minutt; ligge i badekaret med 40 graders varmt vatn i 20 minutt, eller sitje 20 minutt i badstove som held 70 graders varme og 15% luftfukt; utan at farleg temperatur for fosteret blei nådd.

Dokumentasjonen av hydroterapi med kaldt vatn for gravide er mangelfull og avgrensa, men tyder på at så lenge dette ikkje medfører risiko for skadeleg nedkjøling (hypotermi) av den gravide, er risikoen for fosteret liten.

LactMed inneheldt på søkedatoen ingen spesifikk informasjon om tryggleik ved hydroterapi for gravide.

For fødande kvinner

LactMed inneheldt på søkedatoen ingen spesifikk sikkerheitsinformasjon om hydroterapi for fødande kvinner.

Ei Cochrane-oppsummering frå 2018 av Elizabeth Cluett med fleire fann ingen klår risiko ved hydroterapi for korkje den fødande kvinna eller fosteret ved bruk av basseng under fødselen.

Natural Medicines reknar likevel ikkje tryggleiken ved slik fødsel som tilstrekkeleg dokumentert, og skriv at det er usemje om fødsel i vatn kan reknast som like trygt som fødsel under vanlege tilhøve. Dei utdjupar dette med at fødsel i vatn kan medføre risiko for infeksjon for mora og den nyfødde frå ureining i badevatnet, som avføring i fostervatnet (mekonium), eller restar frå olje, såpe eller andre stoffar som har vore tilsett badevatnet.

Dei peikar og på at det finst nokre rapportar om drukning / nesten drukning, og rår frå å føde i vatn ved setefødsel, fleirfødsel (tvillingar eller fleire), for tidleg fødsel, ved risiko for auka bløding eller svangerskapsforgifting. Avslutningsvis skriv dei likevel at det truleg er liten grunn til å forvente risiko, så lenge fødselen i vatn går føre seg under tilstrekkeleg hygieniske tilhøve og med kyndig personale til stades.  

I Noreg er fødsel i vatn omtala i retningslinjer for den norske helsetenesta som eit relevant tiltak for avslapping og smertelindring. Kven som kan føde i vatn i Noreg avhenger av fasilitetane og kompetansen på den aktuelle fødestaden, fosteret og den gravide sin medisinske tilstand, samt jordmora si faglege vurdering.

Ved amming

Natural Medicines skriv at dokumentasjonen av tryggleiken ved terapeutisk bruk av varmt eller kaldt vatn er mangelfull også for kvinner som ammar, slik at de ikkje kan seie om det er trygt eller ikkje. I slike tilfelle rår dei generelt sårbare grupper til å halde seg på den sikre sida, og unngå bruk inntil ein veit meir.

LactMed inneheldt på søkedatoen ingen informasjon om tryggleiken ved hydroterapi spesifikt ved amming.

Generelle tryggingsreglar

Hydroterapi famnar ei rekkje teknikkar som involverer terapeutisk bruk av vatn. Dette kan vere heile eller delvise bad, med konstant eller vekslande temperatur, vatndamp frå badstove/sauna, isbading, aktivitet/øvingar eller passivitet/avslapping, ferskvatn, saltvatn eller vatn som er tilsett olje, mineral, urter, fargestoff med meir.

Hydroterapeutisk behandling er kjend brukt ved ei rekkje ulike helseplager, mellom anna revmatisme, hudinfeksjonar, eksem, psoriasis, stressrelaterte plager, luftvegsplager, astma og allergi, og for å stimulere immunapparatet og blodomlaupet.

Frå forskinga veit ein også at det har vært brukt ved kardiovaskulær sjukdom (CVD), kronisk venøs insuffisiens (CVI), åreknutar, fibromyalgi, kronisk utmattelsessyndrom (CFS/ME), angst og depresjon, søvnløyse, hovudverk, muskelsårheit, skader på nervar, musklar og vev, muskel-skjelettplager (ryggsmerter, nakkesmerter, skuldersmerter, slitasjegikt, revmatoid artritt (RA), psoriasisartritt, Bektherevs (ankyloserende spondylitt), ryggmargsskade, spastisitet, tendinopati, hjerneslag, kviser/urein hud, psoriasis, atopisk dermatitt (eksem), lichen planus, sklerodermi og mange andre tilstandar. 

Terapeutisk bruk av hydroterapi er kjend frå ulike kulturar attende til Romartida.

Andre namn/variantar

Akvatisk terapi, aromaterapeutisk bad, balneoterapi, crenobalneo-terapi/spabad, fargebad, flyting/floating, IKYA-terapi, cryo/kryoterapi, mineralbad, sensory tank deprivation tank therapy,  terapeutisk vannbad, thalassoterapi, vannbasert treningsterapi mv.

Flere av kildene fører til eksterne nettsider:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: