Heilskapsterapi

Heilskapsterapi blir og kalla holistisk terapi. Det er eit komplekst samansett system, utan mykje standarisering og felles definisjonar.
Image
Bilde av modell i plast hvor de tenkte meridianpunktene er tegnet på.
Foto: Colourbox.com

Heilskapsterapi kviler på forståinga av at helseproblem skuldast både biologiske faktorar, mentale/psykiske og ytre faktorar så som kosthald, livsstil og miljø.

Utøvarar av heilskapsterapi meiner at behandling av helseproblem difor må ta høgde for alle desse faktorane, og at behandlinga må tilpassast pasienten så individuelt som mogleg. Utøvarane legg til grunn ein premiss om at inga einskild behandlingsform kan dekkje pasienten sitt heile behov åleine. Heilskapstanken krevjer at dei set saman ein nøye vurdert total behandlingspakke.

Sjukdomsforståinga botnar i at fysiske og emosjonelle problem påverkar kvarandre, men kvilar også på konseptet om at helseproblem skuldast ubalanse og blokkeringar i mennesket sin indre livsenergi Qi, som opphavleg kjem frå tradisjonell kinesisk medisin (TKM).

I heilskapsterapien søkjer ein å rette opp slike ubalansar, fjerne blokkeringar og styrkje kroppen til å heila seg sjølv.

Som fylgje av denne helseforståinga står TKM-læra sine konsept om behandling av og på akupunkt sentralt i heilskapsterapien. Nokre forkjemparar for behandlinga legg og stor vekt på å behandle vagusnerven ved mange helseproblem. Livsenergien Qi, meridianane og akupunkta er teoretiske konsept som ikkje er påvist etter allmenne vitskaplege prinsipp.

Ein er enige om at den fysiske og psykiske helsetilstanden kan påverke kvarandre og ha betydning for den totale helsetilstanden.

Heilskapsterapien famnar eit stort og komplekst sett av individualiserte "behandlingspakkar", som og krevjer variasjon og tilpassing frå individ til individ. Dette gjer det vanskeleg å forske på og konkludere på systemnivå om heilskapsterapi verkar eller ikkje.

Ein veit at vagusnerven har stor betyding for mykje i kroppen, men det er ikkje støtte for mange av dei samanhengane heilskapsterapien trekk opp mellom symptom, vagusnerven og behandlingsteknikkar. 

Ved søk i januar 2024 i kjeldene våre fann vi ingen oppsummeringar av forsking på heilskapsterapi som system. Det betyr at etter våre kriterie ligg det ikkje føre solid vitskapeleg støtte for å seie at heilskapsterapi som behandlingssystem verkar. Forskingsstatus for dei einskilde terapiane som inngår i heilskapsterapi, kan du finne via lenkjer i kapitlet "Bakgrunn".

Det ligg ikkje føre mykje dokumentasjon om tryggleiken ved heilskapsterapi som behandlingssystem. Samstundes er det ikkje rapportert om risiko for alvorlege biverknadar. Dette er likevel ikkje det same som at slike ikkje finst eller aldri kan oppstå.

Generelt reknar ein det som at risikoen for uønska interaksjonar aukar med talet på behandlingselement som ein brukar samstundes. Det vi veit om risiko og sikkerheit for einskilde behandlingsteknikkar som inngår i heilskapsterapi, kan du finne via lenkjer i kapitlet "Bakgrunn".

Dersom du opplever negative verknadar som du meiner skuldast heilskapsterapeutisk behandling, rår vi deg til å avslutte bruken av den og kontakte lækjar.

Alle som vil kan i Noreg kalle seg heilskapsterapeut og praktisere slik behandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning innan heilskapsterapi gjev ikke same kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvar som autorisert helsepersonell har. 

Den største risikoen ved heilskapsterapi er truleg indirekte, ved at tilstanden kan bli verre hvis pasienten og/eller behandlaren overser eller tolkar symptom feil, og difor utset eller droppar å oppsøkje lækjar for naudsynt behandling. Denne risikoen gjeld alle typar alternativ behandling.

Generelle tryggingsreglar

Det fins få opplysingar om historia og opphavet til heilskapsterapi. "Heilskapleg" er dessutan ei nemning som vert brukt om mange av terapiane på den alternativ marknaden og alternativ behandling generelt, på line med "naturleg", "naturterapi" eller "naturmedisin". Dette kan gjere det vanskelig å få grep om særtrekka og kva som skil heilskapsterapi frå anna alternativ behandling. 

Forskjellige aktørar i bransjen presenterer behandlinga slik:

  • Norske utøvarar av heilskapsterapi hadde ifølge NOU 1998:21 Om alternativ medisin tidlegare eit eige forbund, men dette har per 2023 slutta å eksistere. 
  • Eitt av forbunda som i dag organiserer mellom andre heilskapsterapeutar omtalar terapien slik:"Ideen bak helhetsterapi er at man skal kunne ha et spekter av behandlingsformer å tilby, slik at behandlingen tilpasses den enkelte klients behov og ønsker. Terapeuten kan nærme seg problemet med flere verktøy og behandle, balansere, styrke, støtte og forebygge sykdommer ved å sette i gang de naturlige helbredelsesprosesser i kroppen." 
  • Eit anna utøverforbund omtalar terapien slik: "Helhetsterapi er en terapiform som retter oppmerksomheten mot hele mennesket, den fysiske kropp, tanker og følelser. Man behandler kroppen ved å sette i gang naturlige helbredelsesprosesser i kroppen.(...)"
  • Det finst også tilbod om norsk utdanning i heilskapsterapi. Ein slik skule presenterer yrket heilskapsterapeut slik: "I utdanningen får du lære å jobbe med hele mennesket for å hjelpe de som kommer til deg med alle typer endringsprosesser som jobbskifte, skilsmisse, svangerskap/fødsel, livets utfordringer som sorg, depresjon, ensomhet eller fysiske utfordringer som utbrenthet, stress, søvnmangel, pust, muskel og leddsmerter."
  • Eit søk på internettsidene til tilfeldig valde norske heilskapsterapautar gir fygjande omtale: "Kroppen består av flere system som er møysommelig vevd sammen. Helhetsterapi fokuserer hovedsakelig på energi-, nerve- og blodsystemet samt det emosjonelle. Ingenting skjer med ett av disse uten at de andre er med på å opprettholde balansen. Derfor er det viktig med en helhetlig tilnærming til ethvert problem siden det symptomet som er mest dominerende må ha en tilsvarende motvekt selv om dette ikke nødvendigvis gir det samme ubehaget hos pasienten."

Til saman gir dette grunnlag for det fylgjande:

1. Det finst inga definerande eller uttømande liste over kva behandlingar som famnast av omgrepet heilskapsterapi. I Noreg finn ein heilskapsterapeutar som tilbyr behandling med fylgjande teknikkar (Lenkjene går til artiklane våre om dei einskilde teknikkanae: AkupunkturaromaterapiBachs blomemedisincoachingfotsoneterapi, healing, hypnose, kinesiologikoppingkost/ ernæringsveiledningkraniosakral terapi, kunstterapimassasje, meditasjon, meridiandrenasje, mindfulnesssamtaleterapiaryogaøyreakupunktur (otopati)

2. Heilskapleg behandling er lite standarisert, og det er stor variasjon i tilbodet frå norske heilskapsterapeutar, og i forklaringane deira av behandlinga.

3. Norske heilskapsterapeutar ser ut til å tilby slik behandling ved mange og ulike helseproblem.

Andre navn

Andre norske navn: Heilskapsmedisin, holistisk behandling / medisin, heilskapleg terapi / medisin/behandling.

Utenlandske navn: Holistic medicine.

Fleire av lenkene nedenfor fører til eksterne kilder:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: