Solhatt (raud)

Raud solhatt er ei medisinplante med lange tradisjonar og mange bruksområde. I dag er ho mest kjent brukt mot forkjøling og øvre luftvegsinfeksjonar. Det latinske namnet er Echinacea purpurea, som også vert mykje brukt i produktnamn.
Image
Bilde av en solhattblomst som vokser i naturen
Foto: Colourbox.com

Raud solhatt (Echinacea purpurea) er ei urt som opphavleg kjem frå USA. Der har urbefolkninga nytta ho lenge i folkemedisinen sin. 

Frå forskinga veit ein at planten har vorte brukt for ei rekkje føremål, som eksem og utslett, vorter og genital herpes, øyrebetenning, sti/ infeksjon i auget, sår og hevelsar ved insekt- og slangebit, CFS/ ME, svimmelheit, difteri, som roande ved angst/ frykt, mot pollenallergi, ved HIV/ AIDS, dårleg fordøying, leukopeni (få kvite blodlekamar), ved symptom på malaria, mot revmatiske smerter, streptokokk-infeksjonar, syfilis, tyfus og soppinfeksjon, samt for å auka atletiske prestasjonar. I dag vert raud solhatt reklamert mykje for som eit naturleg middel for luftvegsplager, forkjøling og influensa, hoste og hovne mandlar, samt urinvegsplager.

Ein veit at raud solhatt inneheld visse stoff som kan motverke sopp direkte. Ein trur også at urta kan aktivisere visse stoff i kroppen som dempar betenning, og at ho kan motverka symptom på forkjøling og influensa.

Laboratorieforskning tyder på at raud solhatt kan stimulera immunforsvaret, men ein har ikkje dokumentasjon på at dette også skjer i menneskekroppen.

Andre namn

Andre norske namn: Purpursolhatt, rød solhatt, hengesolhatt 
Engelske namn: Echinacea, Red Sunflower, Cone Flower, Purple Cone Flower, Snakeroot, Kansas Snakeroot med fleire. 
Latinske namn: Echinacea, Echinacea angustifolia, Echinacea pallida, Echinacea purpurea.
Familienamn: Kurvplantefamilien, Asteraceae 
Slektsnamn: Echinacea

Ved søk i kjeldene våre i september 2020 fann me 8 kunnskapsoppsummeringar av forskinga på raud solhatt brukt ved hoste, forkjøling, influensa og ulike luftvegsinfeksjonar.

Ingen av desse fann at studiane dei undersøkte, synte verknad av betydning for pasienten (klinisk relevant effekt) ved desse helseproblema. Forfattarane påpeika at innhaldet i solhatt varierer med kva del av planten (blomsteren, bladet, stilken eller rota) som er brukt, og at studiane dei undersøkte også handla om solhatt-ekstrakt med ulike styrkegradar. Forfattarane meinte at resultata frå dei forskjellige studiane vanskeleg lot seg samanlikne, og etterlyser meir konsistent forsking på solhatt før ein kan seia meir om verknad.

Ifølgje Natural Medicines ser raud solhatt ut til å vere trygt å bruka dersom ein følgjer pakningvedlegget, og ikkje bruker det over lengre tid. Kjeldene våre opplyser ikkje nærare kva "lengre tid" er.

Dei vanlegaste biverknadene blir rekna som milde og forbigåande, i form av kvalme, svimmelheit og magesmerter.

I tillegg er det rapportert tilfelle av diaré, sår hals, hovudverk, tørr munn, bedøvd tunge, dårleg smak i munnen, søvnvanskar og såre/ ømme musklar. Det finst også nokre få rapportar der høg bruk av solhatt blir knytt til betenning i levra. 

Solhatt gitt som mikstur eller påført huda hos born frå 2-11 år har i studiar gitt nokre born forbigåande utslett som kan tyda på allergisk reaksjon (utslett, kløe, raud hud). Slike kan variera i alvorsgrad, og born kan vera arveleg disponert for ulike allergiar. Derfor rår Natural Medicines til å ikkje gi solhatt til born under 12 år.  

Natural Medicines rår til generell varsemd og aktsemd ved kjøp av echinacea-produkt, på grunn av tilfelle av unøyaktig merking og låg kvalitet ved innhaldet: Analysar av innhaldet i slike produkt har vist at dei ikkje har inneheldt echinacea, og i nokre slike har funne farlege stoff som arsenikk, selenium og bly.

Solhatt kan interagera med nokre typar medisinar, som blodfortynnande og immundempande medisin. Dersom du blir behandla for eller har hatt ein alvorleg sjukdom er det viktig at du først snakkar med lækjaren din om din totale helsesituasjon før du eventuelt bruker solhatt medisinsk.

Les meir om Plantebaserte produkter – hva vet vi? hjå RELIS.

Gravide og ammande

Ifølgje Natural Medicines syner forskinga ingen risiko for den gravide eller fosteret ved inntil 7 dagars bruk i første trimester. Det ligg ikkje føre  tilstrekkeleg informasjon for bruken til gravide ut over 7 dagar. 

Ifølgje LactMed og Natural Medicines viser analyse av morsmjølk at innhaldsstoff frå solhatt blir overførte til morsmjølka, men dokumentasjonen blir rekna som ikkje tilstrekkeleg til å vurdere tryggleik eller risiko. I slike tilfelle rår kjelda generelt til å vera på den sikre sida, og ikkje bruke slike preparat.

Generelle tryggingsreglar

Fleire av kjeldene fører til eksterne nettstader:

NAFKAM -

Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

Les mer om NAFKAM

Andre nettsteder fra NAFKAM: