Bachs blomstermedisin

Teorien bak Bachs blomstermedisin er at kroppslege symptom og sjukdom skuldast negative kjensler, og at ein kan bearbeide desse med fortynna essensar av blomar og planter.
Image
Eit utval av dei 38 ulike remediane i Bachs blomstermedisin. Foto: NAFKAM
Eit utval av dei 38 ulike remediane i Bachs blomstermedisin. Foto: NAFKAM

Bachs blomstermedisin vart utvikla av lækjaren og homeopaten Edward Bach på 1930-talet. Han meinte at at alle symptom på sjukdom er signal om at mennesket manglar noko i personlegdomen sin, og at kvar person sin eigen natur, karakter og kjensler spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av sjukdom og korleis ein bør behandle den. 

Han meinte at kroppslege symptom som t.d. smerter er den menneskelege organismen sin måte å gje uttrykk for negative kjensler, så som frykt, sjalusi, fortviling og liknande. For å bli kvitt kroppslege symptom meinte han at ein må påverke kjenslene som ligg bak, i staden for å dempe symptoma direkte.  Vidare meinte han at blomar, busker og tre inneheld gunstige energiar, som ein kan trekkje ut og nytte til å påverke manglane i personlegdomen og dei negative kjenslene hjå pasienten.

Gjennom forskinga som er gjort, veit ein at Bach blomstermedisin har vore nytta for mange problem og hensikter: astma, fødselsrelaterte hensikter, symptom ved irritabel tarm-syndrom (IBS), smerter (hovudverk, migrene, muskelsmerter og karpaltunnelsyndrom), stress, utmatting, ADHD, uro og rastløyse, negative kjensler (depresjon og angst), samt ved symptom på overgangsalder. Forskinga som er gjort, skil ikkje alltid mellom sjølve midla pasienten som vert rådd til å bruke, og det å gå til og å samtale med ein behandlar om moglege psykiske årsakar til plagene som pasienten kjem med.

Ein veit at mange planter inneheld verkestoff som har farmakologisk verknad, og som kan vere gunstige ved sjukdom. Men, middel som er framstilte etter Bach sin teori er så fortynna at ein etter vitskaplege prinsipp ikkje reknar med at dei inneheld farmakologisk relevante mengder av den opphavlege planten og verkestoffa.

Ideen om ein særskild energi i planten og at denne blir overført til væskene som ein fortynnar med, er ikkje påvist med aksepterte undersøkjelsesmetodar.

Ein veit at stress og korleis ein har det psykisk, kan ha stor betydning for den fysiske helsa - og andre vegen. Men Bach sine idear om kva kroppslege symptom og sjukdom tyder på og kjem av; og at blomsteressensar kan hjelpe via det psykiske, er ikkje prova.

Ved søk i kjeldene våre i juli 2021, fann vi oppsummeringar av forskinga på Bachs blomstermedisin på det fylgjande:

Generelt

Ernst gjekk i 2010 gjennom forskinga på Bach blomstermedisin brukt for ymse helseproblem. Basert på dei sju studiane han inkluderte, fann han ingen overbevisande dokumentasjon på klinisk verknad ut over placebo. 

ADHD og psykiske plager

Thaler med fleire gjekk i 2009 gjennom forskinga på Bach blomstermedisin spesielt mot slike helseplager. Dei vurderte kvaliteten på dei fire studiane som dei inkluderte til å vere frå låg til svært låg, og fann ingen verknad ut over placebo.

Sidan blomsteressensane inneheld få eller ingen aktive innhaldsstoff frå planten som er brukt i modertinkturen, reknar Natural Medicines risikoen for negative verknadar frå Bach blomstermedisin som låg ved normalt til moderat inntak hjå normalt friske personar.

Men fordi Bach-midla inneheld alkohol, peikar dei på risiko for uheldige reaksjonar (interaksjonar) ved samstundes bruk av antabus-midlet Disulfiram, eller av det antibiotiske midlet Metronidazol. Innhaldet av alkohol gjer og at dei rår visse grupper til varsemd (sjå under). 

Alle som vil, kan kalle seg «Bach-terapeut» eller liknande, og praktisere Bachs blomstermedisin utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i dette gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har. Nokre Bach-terapeutar tilbyr pasientane sine opplæring i å lage Bach-middel sjølve. Heimelaga middel for eigenbehandling kan generelt by på fleire typar risiko; så som ureine råstoff, urein produksjon og feil i doseringa.

Den største risikoen ved Bach blomstermedisin er truleg forverring av tilstanden, dersom pasientarn vel bort naudsynt, verksam behandling til fordel for slik behandling. Dersom du opplever forverring eller negative verknadar som du trur skuldast Bach blomstermedisin, bør du avslutte behandlinga og kontakte lækjar.

For gravide og kvinner som ammar

LactMed inneheldt 18.06.21 ikkje informasjon om Bach blomstermedisin.

Natural Medicines rår gravide og kvinner som ammar til å ikkje nytte Bach blomstermedisin på grunn av innhaldet av alkohol: Den kan gjere skade på fosteret under graviditeten, og vert også skilt ut i morsmjølka, med risiko for å hemme utviklinga til spedbornet. 

Generelle tryggingsreglar

I fylgje Edward Bach sin teori finst det ein gunstig energi i essensen av planter, og at ein kan få tak i denne og nytte han ved å trekkje den ut frå planten gjennom fortynning i væske. Han utvikla i alt 38 grunn-essensar frå ulike planter, som skulle hjelpe mot 38 spesifikke negative kjensler og sjukdomsteikn. Desse 38 kunne så nyttast i ulike kombinasjonar for å hjelpe mot andre sjukdomar og plager; både fysiske (smerter o.l.) og psykiske.

Essensane i Bach blomstermedisin vert laga ved å fyrst leggje plantemateriale i vatn, og så stråle det med sollys eller koke det. Over tid vil vatnet trekkje ut essensen av planten. Dette vert kalla moder-tinkturen. Denne vert fortynna, ved at ein tilset nokre få dråpar av han i destillert vatn, som så vert meir fortynna med alkohol. 

Dei ferdige produkta vert selde på små flasker, som ein skal ta nokre dråpar av. Det finst og Bach blomstermedisin som krem, meint for utvortes bruk.

Fortynningsprosessen har likheitstrekk med homøopatien, men Bach sin teori skil seg frå homeopatien ved at prinsippet om at "likt kurerer likt" ikkje gjeld i Bach blomstermedisin. I homeopatien nyttar ein seg og av og ekstremt fortynna giftige stoff, men dette finn vi ikkje att i Bach blomstermedisin. 

Andre kjende namn

Bach-behandling, Bach-medisin, Bach-remedier, Bach-terapi, og blomsterterapi 

Utanlandske nemningar

Bach Flower Essences, Bach Flower Remedies, Bach Flower Remedy, Bach Remedies, Batch Flower Remedies, BFR, BFRs, Edward Bach Remedies, Élixirs Floraux du Docteur Bach, Essences Florales de Bach, Five Flower Remedy, Fleurs de Bach, Florathérapie, Flower Dilutions, Flower Essence, Flower Essence Dilution, Flower Remedies, Flower Remedies, Remèdes Floraux, Remèdes Floraux de Bach, Remèdes Floraux du Dr Bach, Remedios Florales de Bach, Rescue Remedy.

       

      NAFKAM -

      Nasjonalt forskningssenter innen komplementær og alternativ medisin

      Vi arbeider for å gi deg fakta om alternativ behandling, slik at du kan ta tryggere valg for din helse.

      Les mer om NAFKAM

      Andre nettsteder fra NAFKAM: